Foto: Leger Uten Grenser
Hjem > Vart arbeid > Feltblogg > Miriam – Ingen dager er like i Den sentralafrikanske republikk
Nyheter

Miriam – Ingen dager er like i Den sentralafrikanske republikk

10.04.2019
        
Leger Uten Grenser har ulike prosjekt i heile landet og tilbyr nødvendig helsehjelp til befolkninga. 

Oppdraget i Den sentralafrikanske republikken er det fjerde oppdraget mitt for Leger Uten Grenser. Tidligare har eg vore på to oppdrag i Sør-Sudan, samt eit oppdrag i Bangladesh. Eg er utdanna sosialantropolog og i Leger Uten Grenser har eg rolla som helsepromotør. Som helsepromotør er ingen dagar like, og spesielt ikkje som flygande helsepromotør, som er jobben min i Den sentralafrikanske republikken. På fem månadar har eg vore tilknytta fire ulike prosjekt i ulike delar av landet.  

Jobben er svært spennande og mangfaldig, og som helsepromotør jobber vi heile tida tett med det medisinske teamet for å førebygge ulike sjukdomar samt å forbetre helsetilstanden til befolkninga. Arbeidsmetodane våre er å informere, kommunisere og å gi kunnskap til lokalbefolkninga. I tillegg er mi rolle òg å forstå korleis lokalbefolkninga forstår og tenker rundt ulike sjukdomar og tilstandar. Kvifor venter dei så lenge med å kome til sjukehuset? Kvifor bruker dei tradisjonell medisin? Kvifor kjem ikkje kvinnene til sjukehuset for å føde? Kvifor er det så vanskelig for hiv-pasientar å ta medisinane sine?  

Eit av dei farlegaste landa for eit born å vekse opp i

For Leger Uten Grenser er det òg viktig å forstå korleis kjønnsroller og den sosiale konteksten påverkar vala til menneska som vert utsatt for valdtekt og andre formar for seksuell vald. Dette er tema som ein helsepromotør, saman med kollegaer, prøver å forstå, slik at vi på best mogleg måte kan hjelpe denne pasientgruppa. 

Det er mange sterke inntrykk frå Den sentralafrikanske republikken. Frå hektiske dagar med eit akutt nødhjelpsteam i Bocaranga der det var eit pågåande utbrudd av hepatitt E, til andre moglege sjukdomsutbrot; mesling-, sovesjuke- og hjernehinnebetennelseutbrot i Batangafo til utbrot av meslingar i Kabo. Vi har hatt et stort fokus på å vere førebudd på utbrot av ulike alvorlege sjukdomar. Vi har gjennomført mange treningar for teamet om ulike sjukdomar; kva symptom ein må sjå etter, viktige beskjeder å formidle til lokalbefolkninga, og viktigheita med å referere sjuke pasientar raskt til sjukehuset. Vi har mista så altfor mange born her, – av sjukdomar som diaré, malaria, ulike infeksjonar med meir.  

Den sentralafrikanske republikken er sett på som eit av dei farlegaste landa for eit born å vekse opp i, og det er svært mange som døyr før dei fyller fem år. 

I Batangafo er sikkerhetssituasjonen veldig uavklart, óg for Leger Uten Grenser. Vi må heile tida vere på vakt og vi har strenge sikkerheitsreglar å følgje.  

Flesteparten av befolkninga bur i periferien, og det er svært utfordrande for befolkninga å kome seg til sjukehuset med ulike militære grupper, ulike militære sjekkpunkt, lange avstandar med meir.  

Når befolkninga med mobile klinikkar

Tidligare hadde vi ulike helsepostar i områda utenfor Batangafo, men grunna den forverra sikkerheitssituasjonen så måtte desse avviklast. Vi prøver å nå befolkninga med mobile klinikkar med tre ulike aktivitetar: helseoppfølging for gravide, vaksinering av gravide og born under fem år, samt helsekonsultasjon, men grunna usikkerheita knytt til sikkerheita, så har vi i lange periodar vore tvungne til å verte verande i Batangafo. Det er veldig frustrerande, for vi veit at det er et veldig stort helsebehov utanfor Batangafo. Menneska langs her er svært sårbare og ved sjukdom, skader eller vanskelege fødslar, så har dei veldig få moglegheitar til å få medisinsk hjelp.  

Det som kanskje har gjort sterkast inntrykk er dei sterke historiane knytta til seksuell vald og kor mykje det kostar for enkeltmenneske at seksuell vald er så stigmatisert og tabubelagt. Seksuell vald er så skambelagt at veldig få oppsøker helsehjelp fordi dei er så redde for konsekvensane om hemmelegheita deira vert kjend. 

Ei ugift kvinne vil ha store problem med å gifte seg om det vert kjent at ho har vorte valdteken. Og her skal kvinnene gifte seg og få barn. Strategien til familien kan vere å tie det ihel. Ved fornekting så har det ikkje skjedd, og ingen kjenner til det. På denne måten så kan dei tenke at konsekvensane for jenta og dei sjølve vert mindre. Eit slikt val kan vere tatt ut frå kjærleik, for å hindre at dottera vert utstøtt av samfunnet. For det er ofte dobbel straff når ei valdtekt vert kjent. Personen kan risikere å verte latterleggjort og utstøytt av familien eller lokalsamfunnet. Familien til den som er utsett for seksuell vald vert óg hardt ramma sosialt, latterleggjorde og stigmatiserte. Men for den det gjeld kan konsekvensane ved fornektinga vere store; alvorlege sjukdomar, alvorlege medisinske plagar, uønskt graviditet og psykiske plagar. 

Sterke historier som rammar heilt vanlege mennesker

Leger Uten Grenser jobbar for å auke antall pasientar knytt til seksuell vald på sjukehusa og klinikkane vi har i Den sentralafrikanske republikken. Men det er eit arbeid som tek lang tid. Og det er frustrerande å sjå korleis kvinner (og barn og menn) lid av at seksuell vald er så stigmatisert i samfunnet, og at veldig mange difor ikkje oppsøker helsehjelp.  

I Bangui, der Leger Uten Grenser har eit prosjekt knytt til seksuell vald, så var det ei kvinne som fortalte si historie til oss då vi var i området for å informere om seksuell vald og det medisinske tilbodet Leger Uten Grenser har i Bangui. Ho fortalde at ho hadde flykta frå Batangafo nord i landet, ca. 400 km frå Bangui, for to månadar sidan på grunn av konflikt mellom dei to militære gruppene Ex-Seleka og Anti-Balaka. Ho var vitne til at mannen og sonen vart drepen framom auga hennar. Ho fortalde at ho sjølv vart valdteken av fleire soldatar og at dei slo ho hardt. No, to månader seinare, hadde ho framleis veldig store plagar og hadde problem med å bevege seg grunna smerter i magen og i beina.  

Det er veldig sterkt å høyre slike historier. Desverre er ikkje historia hennar unik, det er veldig mange slike triste, sterke historier som rammar heilt vanlege menneske i Den sentralafrikanske republikken. Seksuell vald er eit våpen her og det øydelegg verkeleg mykje. Kvinna, familien og familiestrukturen. 

Menneska her er så takknemlige for at Leger Uten Grenser er her. Ei kvinne som jobber på sjukehuset i Batangafo sa at «Utan Leger Uten Grenser hadde vi alle saman døydd her». Og i Batangafo er dèt sterkt å høyre sidan sjukehuset husa 10 000 internt fordrevne menneske etter omfattande vald i Batangafo den 31.10.2018 då 15 mennesker vart drepne og 29 skadde. Då konflikten starta kom alle løpande til sjukehuset for beskyttelse. Leger Uten Grenser slapp inn alle saman og gav dei husly så lenge dei trong det. Dei 10 000 budde tett i tett inne på sjukehuset i fleire enn tre månadar før dei torde å flytte tilbake (der dei fleste husa var brent ned) for å bygge opp liva sine på nytt. 

Det er hardt å ta i mot denne takksemda

For dei fortener så uendelig mykje meir enn vi kan gje dei. Dei er så ufatteleg sterke, men det er noko grunnleggande urettferdig i at dei må vere så sterke heile tida. Det er noko grunnleggande galt i at dei skal måtte tole så mykje. 

Ein får verkeleg eit perspektiv på tilværet ved å vere her, ved å snakke med menneske her, ved å tole å høyre historiane deira. «On est ensemble» seier dei heile tida her, det betyr at vi er saman. Skulle verkeleg ønske vi tenkte meir som dette i Europa og i Noreg; at vi alle kan vere saman, vere der for kvarandre, prøve å forstå kvarandre og at det ikkje er vi og dei andre. 

Miriam Steinstø Haugen 
feltarbeidar i Leger Uten Grenser 

Mer i denne seksjonen  
Pasienthistorier
Feltblogg
Land
Helseutfordringer
Flyktninger
Krig og konflikt
Sykdommer

STØTT OSS
Bli fast giver
Med private gaver kan vi hjelpe dem som trenger det mest, uavhengig av politikk og myndigheter.
ENGASJER DEG
Få nyhetsbrev
Få en dypere innsikt i vårt arbeid.

⇑  Til toppen