Pågåande utbrot av m-koppar: Ein vond og stigmatisert sjukdom
Nær 4900 menneske er blitt smitta sidan utbrotet starta i januar. Stigma og mangel på god informasjon om m-koppar gjer at folk vert redde, får feil behandling og oppsøker helsehjelp seint. Det forverrar smittesituasjonen.
Noor Ahmad Saleem/MSF
I gjennomsnitt vert 29 menneske stadfesta smitta av m-koppar per dag i Sierra Leone. Western Area-distriktet med hovudstaden Freetown er utbrotstad for epidemien. Det er eit tettfolka område med over éin million menneske. Samtidig er det påvist smitte i alle 16 distrikt.
Pasientane har store smerter
M-koppar er ein virussjukdom som smittar ved nærkontakt og dråpesmitte. Symptoma er feber, hovne lymfekjertlar og utslett, blemmer og sår på kroppen.
– Du kan sjå at pasientane har store smerter, seier medisinsk koordinator Agnes Dama.
– Det er forferdeleg å sjå at dei lid på denne måten. Hos nokre av dei, heldigvis eit mindretal, er kroppen dekt av byllar som gjer det vanskeleg både å sitje og å liggje. Der er tilfelle der byllane dekkjer kjønnsorgana, noko som gjer det ekstremt vanskeleg for pasienten, fortel Dama.
Noor Ahmad Saleem/MSF
Støtte til smittevern og behandling
Få offentlege sjukehus i Freetown tek imot pasientar som har m-koppar. Leger Uten Grenser støtter helsemyndigheitene for å behandle pasientar og redusere smittespreiing. I mars rehabiliterte me infeksjonsavdelinga på hovudsjukehuset for m-koppebehandling. Utbetringane inkluderte ei avdeling for å produsere klor; eit viktig middel for å forhindre og kontrollere smitte på sjukehuset.
Psykososial rådgjeving – ein viktig del av behandlinga
Som følgjer av auka smittetal, starta me opp eit behandlingssenter i Calaba i Freetown, i samarbeid med helsemyndigheitene.
Agnes Dama fortel at dei tok i mot den første pasienten ellevte juni:
– Eg såg at det var ei blanding av kjensler i sving i teamet. For nokre av dei var dette første gongen at dei har behandla pasientar med infeksjonssjukdom.
Ho fortel vidare at somme pasientar kjenner ikkje på håp om å bli betre, og dei har fått mykje feilinformasjon om m-koppar: Det er vanskeleg for dei å akseptere at det er m-koppar dei har samt å informere familie og vener om situasjonen på grunn av stigma og tradisjonelle oppfatningar om behandling.
– Med den psykososiale rådgjevinga me tilbyr på senteret ser eg meir aksept. Pasientane forstår sakte men sikkert diagnosen og får tilbake trua på at dei kan bli frisk, seier ho.
Mary Dumbuya/MSF
To veker gamal då han fekk påvist m-koppar
– Ein morgon fann eg nokre hovne klumpar på huda til babyen min, fortel mor til «Wilson». So fekk han feber, og eg tok han med til helsesenteret. Han var berre to veker gamal. På senteret sa dei at det berre er eit utslett, og ga meg ein salve.
Utslettet spreidde seg og dei bestemte for å teste for m-koppar.
– Neste dag fekk eg ein telefon og dei fortalte meg at babyen min hadde testa positivt, seier mor. Dei sa at dei jobbar med helsemyndigheitene og at dei ville komme og gi vaksine til dei eg bur med og naboane mine.
– Eg var glad for at når dei kom til heim til meg, så hadde dei på seg vanlege kle. Dei såg ikkje ut som helsepersonell, så mange i nabolaget veit ikkje at babyen min har m-koppar. Eg frykta at dei skulle bli redde for meg og babyen min.
Noor Ahmad Saleem/MSF
Smertefull sjølvbehandling
«Michael», ein av pasientane våre, vart sjuk i slutten av mai.
– Eg oppdaga nokre klumpar, og kjente kløe og smerter på kjønnsorgana mine, og eg tok smertestillande og noko antibiotika. Så begynte det også å klø i ansiktet, og det var starten på søvnlause netter. Eit par dagar seinare drog eg til onkelen min som er farmasøyt. Han ga meg ein injeksjon kvar dag i fem dagar og antibiotika.
På den femte dagen var kjønnsorgana heilt opphovna, fortel Michael.
– Eg kjøpte meir antibiotika slik at det skulle gi seg raskare. Deretter begynte eg å bruke salt, lime og å gni alkohol på. Eg trudde dette skulle kunne drepe bakteriane.
– Det var svært smertefullt, fortel han vidare. Den sjette dagen var eg ikkje betre, og eg tok eit bilete og sende til ein ven som er sjukepleiar. Eg sa ikkje at det var meg, det var for skamfullt. Ho sa at personen må dra til sjukehuset og isolerast. Eg drog til Jui-sjukehuset og testa for m-koppar.
Michael testa positivt.
– To helsearbeidarar kom heim til meg og sa at eg kunne få behandling gratis. Dei sa at Leger Uten Grenser hadde opna eit nytt behandlingssenter i Calaba. Dei ville få ein ambulanse til å kome og hente meg, men det ville eg ikkje. Då kom alle naboane mine til å vete at eg har m-koppar. Eg drog til senteret sjølv. No får eg behandling, og eg er den andre pasienten innlagt på senteret, seier han.
Han fortalte ikkje vener eller familie at han har m-koppar. – Dei kjem ikkje til å forstå, dei kjem til å bli redd meg. Eg var òg redd for sjukdomen. På sjukehuset høyrde eg pasientar som hadde m-koppar gråte. Eg tenkte at visst eg testar positivt kjem eg òg til å gråte, og det gjorde eg.
Noor Ahmad Saleem/MSF
Leger Uten Grenser støtter helsemyndigheitene i å kontrollere utbrotet av m-koppar gjennom rehabilitering av isolasjonssentre, gratis helsehjelp til pasientar, opplæring for helsepersonell i smittevern og å gi helseinformasjon om sjukdomen.
Les mer om: Epidemier og pandemier, Vaksiner, Sierra Leone


